FOLKEFEST 1.APRIL

Sveio kommune, Sveiogata, Sveio, Norge. kl. 11:00
Billettpris:

Laurdag 1.april vert det Folkefest i Sveio sentrum. Plassen for kommunehuset skal få sitt namn etter ein namnekonkurranse. Stortingsrepresentant Jette F Christensen skal forestå denne markeringa. Elles vert det ulike arrangement og aktivitetar denne første vårdagen i 2017.

Kl 12:00 held Sveio barnekor konsert i kyrkja med solistar og instrumentalistar frå MUNOR (Musikkselskapet Nordvegen i Haugesund).Ordførar Jorunn Skåden ynskje velkommen

Kl 12.00-16.00 vert det aktivitetar for born og vaksne under marknaden.
Kl 13.00 offentleggjer stortingsrepresentant Jette F Christensen namn på uteplassen ved kommunehuset

Kl 13:15 spelar Sveio skulekorps.  Kl 14.15 vert det ein minikonsert med musikarar frå MUNOR i kommunestyresalen.

Kl 14.00 Matinekonsert i kommunestyresalen ved Munor