Grieg competition

Valestrand Kulturkyrkje, Sveio, Norge. kl. 19.00
Billettpris: 150

Kandidater mfl Valestrand kulturkyrkje_ED

PRESSEMELDING OM GRIEGKONKURRANSEN OG KONSERTTURNÉ I HORDALAND FYLKE

The International Edvard Grieg Piano Competition 2016
Turne i Hordaland med deltakarar som ikkje kom med i andre runde.

Følgd av lokale guidar, har dei konsertar i Kabuso, Øystese; Valestrand kulturkyrkje, Valevåg; Erdal kyrkje, Askøy og i Nordgarsløa, Frekhaug.

Komponistheimen etter Fartein Valen ligg i kort avstand til Valestrand kulturkyrkje. Kyrkja vert nytta som arena for Fartein Valen-festivalen og satelittkonsertane. Kyrkja har eit ShigeruKawai-flygel, og rommet sin akustikk er veleigna klaverkonsertar.

Samarbeidspartnarar er mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester, Griegakademiet og Troldhaugens Venner.

Hovudsponsor for konkurransen er Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen

Regional konsertturné

Arrangementet er i hovudsak knytt til Troldhaugen og Grieghallen, men Edvard Grieg Museum Troldhaugen ynskjer også å leggja til rette for at konkurransen blir eit regionalt samarbeidsprosjekt.
Takka vera god støtte frå Hordaland fylkeskommune kan nokre av dei utøvarane som ikkje kjem til finalen få reise til andre delar av Hordaland, og knyta tettare band til arrangørar i regionen som har gode arenaer for klassisk musikk.
Tysdag den 6.september kl 19:00 vert det mogeleg å høyra pianistane  i Valestrand Kulturkyrkje i Sveio.
Konkurransen vil slik nå ut til heile regionen, og deltakarane får eit unikt høve til å oppleva eineståande natur og kultur i Bergen og Hordaland, og samstundes ta del i den rike musikkarven i regionen.