Krukkesang

Skåre kirke, Haugesund, Norge. kl. 19:30
Billettpris:

Konsert/forestillings-turné 6.-8. oktober 2017
Krukkesong er eit nyskapande heilakustisk konsept mellom keramisk kunsthandverk og musikk, på høgt kunstnarisk nivå. Kunsthandverkar Karoline Emmerhoff frå Haugesund har teke initiativ til eit samarbeid med to dyktige og profesjonelle musikarar, Sunniva Eliassen, mezzosopran frå Tromsø, som no held til i Alta, og cellist Ellen-Martine Gismervik frå Karmøy, no busett i Oslo. Vi har fått støtte frå Rogaland fylkeskommune til ein turne i fylket. Den første konserten blir i Ølen kyrkje, den neste i Falnes kirke, og den siste blir ein del av Fartein Valen programmet for 2017, som satellittkonsert i Kulturkirken Skåre i Haugesund.

 

Krukka
Krukka er ei urform for oss menneske. Leire er blitt forma til krukker frå dei tidlegaste sivilisasjonar. Kven har vel ikkje gjort ei krukke i leire? Karoline Emmerhoff seier dette om sitt arbeide med krukka: – Krukka er ei form eg vender tilbake til i mitt arbeid med leire. Etterkvart har eg tenkt krukker som menneske med ei ytre form omkring eit indre rom, ho står på ei flate, lett eller tungt mot underlaget, og med ei opning ut, stor eller lita, til omverda.
Krukka innhenta meg på ny mens eg som korsongar var med og øvde inn Bach si h-moll messe, som vart framført under Fartein Valen-festivalen i 2016. Eg vart inspirert til å leite etter form og uttrykk for krukker som syng. Musikk og poesi har lokka fram ein
lengsel i meg; Tenk om mine krukker kunne romme noko av ein stillhet, eller syngje, syngje…!

Krukkesong er ei vidareføring av tanken om krukker som menneske, med ei ytre form omkring eit indre rom, men no er det rommet inni krukka det handlar om. At dette rommet inni krukka kan peike mot eit anna rom, og at det kan finnast ein song der.

Med tanke på visning og formidling her eg søkt samarbeid i musikalsk retning, krukkesong er jo i sin karakter musikalsk.
Kvar av dei åtte krukkene har eit tema knyta til seg. Krukkene er høgreiste og organiske i forma, og mørke på utsida. På innsida er der større variasjon, der særlig farge er brukt som eit viktig verkemiddel. På ei av krukkene står leira naken og sårbar innvendig. Symbolikken spenner vidt, og blir forsterka gjennom musikken. Djupast sett handlar tema om å finne sin eigen song. Kvar av krukkene vil bli introduserte før vi får høyre deira songar og lytte til tonane dei rommar.

 


Program

  • 1. Ventekrukka
  • Johann Sebastian Bach Preludium fra solo cello suite i c-moll
  • 2. Vårkrukka
  • Edvard Grieg Våren
  • I denne ljuva sommartid
  • 3. Maria si krukke
  • Giulio Caccini Ave Maria
  • 4. Praetorius si krukke
  • Michael Praetorius Det hev ei rose sprunge
  • 5. Den tomme krukka
  • Johann Sebastian Bach Erbarme dich (frå Matteus-pasjonen)
  • 6. Vasskrukka
  • Folketone frå Ryfylke Jesus din søte forening å smake
  • 7. Den svarte krukka
  • Johann Sebastian Bach Agnus Dei (frå h-moll Messa)
  • 8. Kjærleikskrukka
  • No stig vår song