Grieg competition 2018

Valestrand Kulturkyrkje, Valevåg, Norge. kl. 19
Billettpris:

KONSERTTURNÉ I HORDALAND FYLKE

Den 16. Edvard Grieg Pianokonkurranse 2018

Frå 1. til 9. september 2018 deltek 30 særs gode pianistar frå heile verda i ”The Edvard Grieg International Piano Competition” i Bergen. Til årets konkurranse melde det seg heile 133 søkarar frå 36 land, og av desse blei 30 kandidatar frå 18 land inviterte til Bergen for å tevla om første-prisen på 30.000 Euro. Arrangementet er i hovudsak knytt til Troldhaugen og Grieghallen (finalen med Bergen Filharmoniske Orkester), men KODE Edvard Grieg Museum Troldhaugen ynskjer at konkurransen blir eit samarbeidsprosjekt med utvalde konsertarenaer i fylket.

Takka vera god støtte frå Hordaland fylkeskommune kan nokre av dei utøvarane som ikkje kjem til finalen få reise til andre delar av fylket. Det vert mogeleg å høyra pianistane på konsertar på Kabuso i Øystese, Oseana Kunst & Kultursenter i Os, Erdal kyrkje på Askøy, Knarvik kyrkje i Knarvik og Valestrand Kulturkyrkje i Sveio.

Elevar frå musikklina på Skeisvang vidaregåande skole er inviterte til konserten i Valestrand Kulturkyrkje tysdag 4. september, der 3 – 4 av kandidatane frå konkurransen vil gi konsert.

Konserten er eit samarbeid mellom The International Edvard Grieg Competition og Fartein Valen-festivalen. Hovudsponsor for konkurransen er Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen.

Bill kr 150